MabelAmber, Pixabay
Har du kjent på kjensla av å ikkje strekkja til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misnøgd på golvet, og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser.
Du er ikkje åleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet prøver å fortelja?
For deg som ønskjer meir tryggleik og forståing i foreldrerolla, tilbyr Vindafjord kommune no kurs i Circle of Security–Parenting (COS‑P).
Målgruppe
Foreldre busett i Vindafjord kommune, med barn i alderen 3-10 år.
Om kurset
Circle of Security–Parenting (COS-P) er eit foreldreveiledningsprogram som byggjer på 50 års forsking innan tilknytingsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg eller ha barn med særskilde behov for å delta.
Føremålet med kurset er å gjera deg som forelder meir medviten på å sjå, tolka og møta behova til barnet ditt, og å bli merksam på eigne haldningar, kjensler og handlingar i samspelet med barnet.
Kurset er delt opp i åtte kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema og reflekterer saman i gruppa. Barn skal ikkje vera med på kurset.
Kurset er gratis.
Kurslokalet blir bestemt ut frå kva bygd det er flest påmelde.
Kurshaldarane er helsesjukepleiar Synnøve Lovra Viskjer og familierettleiar Elin Gravelsæter.
Tidspunkt og påmelding
Kurs på kveldstid, 17.00 - 19.00
Kurshaldararar er:
• Familierettleiar Elin Gravelsæter
• Helsesjukepleiar Synnøve Lovra Viskjer
Påmelding eller spørsmål til kurset kan sendast til Synnøve Lovra Viskjer - innan 20. februar 2026.
Kurset går over 8 gonger, torsdagar kl. 17.00 - 19.00:
- Torsdag 5. mars
- Torsdag 12. mars
- Torsdag 19. mars
- Torsdag 26. mars
- Torsdag 09.april
- Torsdag 16.april
- Torsdag 23.april
- Torsdag 30.april