Velkomen til eldrefest!

Tysdag 4. oktober inviterer Vindafjord til eldrefest på Ølen kulturhus for å markera den internasjonale dagen for eldre. Ny påmeldingdfrist måndag 3. oktober kl. 12.00.

Myléne, Pixabay

Arrangementet startar klokka 16.00. Billettprisen er 350 kroner per person, og det er betaling ved inngang.

Påmelding til servicetorget på telefon 53 65 65 65 seinast måndag 3. oktober klokka 12.00.

Program

  • Song og musikk
  • Middag, kaffi og kaker
  • Foredrag: Eldre og FNs bærekraftmål som sikrar god helse og livskvalitet for alle
  • Ordførar Ole Johan Vierdal kjem også på besøk

Arrangør er rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting (REF).