Vel blåst – Vindamingel 2025!

Vindamingel er over for denne gong, og me kan sjå tilbake på ein kveld fylt med gode samtalar, inspirasjon og framtidshåp. 

Bedrifter frå Vindafjord og Etne møtte ungdommar som er heime på juleferie – og gav dei eit innblikk i dei spennande jobb- og karrieremoglegheitene som finst her heime.

Kulturhuset i Ølen var ramma for arrangementet, og stemninga var både triveleg og engasjerande. 

Stemningsbilete frå Vindamingel - Klikk for stort bilete Ingebjørg Rullestad Gjerde

Vera og Constanse, våre eigne «kommuneinfluenserar», losa oss gjennom kvelden med energi og varme, og sørgde for at både bedrifter og ungdommar fekk knytt verdifulle kontaktar.

Stemningsbilete frå Vindamingel - Klikk for stort bilete Ingebjørg Rullestad Gjerde

Vindamingel handlar om å bygge bru mellom framtidas arbeidskraft og lokalt næringsliv. 

Stemningsbilete frå Vindamingel - Klikk for stort bilete Ingebjørg Rullestad Gjerde

Breidda av moglegheiter

Me er stolte av å kunne vise fram breidda av moglegheiter – frå industri og teknologi til helse og omsorg – og håpar at fleire ungdommar ser at det er rom for både karriere og livskvalitet i Vindafjord og Etne.

Stemningsbilete frå Vindamingel - Klikk for stort bilete Ingebjørg Rullestad Gjerde

Tusen takk til alle bedrifter, ungdommar og arrangørar som gjorde dette til ein vellukka kveld. 

Me gler oss allereie til neste gong!