Val av råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting

Til hausten skal kommunestyret velja nytt råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting for Vindafjord kommune. Innbyggarane blir oppmoda om å foreslå representantar til rådet!

Pexels, Pixabay

Rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting skal sikra medverknad i kommunale prosessar for desse gruppene. Rådet er eit rådgjevande organ for kommunen og har rett til å uttala seg i saker som gjeld høvesvis eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

I samband med val av råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting for perioden 2023–2027 oppmodar kommunen innbyggjarane om å koma med forslag til personar som kan tenkja seg å bidra i det viktege arbeidet dette rådet har.

Dersom du sjølv kunne tenkja deg å sittja i dette rådet, eller kjenner nokon andre som kunne tenkja seg dette, kan du melda forslaget ditt inn til kommunen på e-post:

postmottak@vindafjord.kommune.no 

Politisk sekretariat vil melda forslaga vidare til kommunestyret. 

Dersom du foreslår nokon andre enn deg sjølv, hugs å sjekka med vedkommande først om dette er greitt for han eller ho!

Forslag må sendast inn seinast fredag 15. september 2023