Utvidar tilbodet med handlebussen

Med Kolumbus med på laget som ny transportør, er det populære tilbodet med handlebussen både sikra og utvida. Fredag 6. mai går dei første turane.

Minibuss køyrer på veg med grøn skog i bakgrunnen - Klikk for stort bilete

Handlebussen er så unik at den fekk mykje omtale då ordninga vart innført og finansiert av prosjekt Vakre Vindafjord. Tilbodet har vore med på å betra kvardagen til heimebuande eldre som ikkje kan koma seg til butikken på eiga hand.

I januar vart det kjent at det kunne bli stopp på tilbodet grunna mangel på midlar. Det har blitt jobba intenst med å finna løysingar, og nå er tilbodet sikra vidare drift.

Kolumbus har ansvar for rutene

– Me er svært glade for at Kolumbus har sett verdien av tilbodet og vil vera med å bidra for å oppretthalda handlebussen. Og ikkje berre det: tilbodet blir utvida med buss til Joker Vats på Knapphus, seier Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling.

Joker Vikebygd og Imsland landhandel er med vidare, og som før må du bestilla plass på handlebussane innan klokka 14.00 dagen før. Det er lokale transportørar med god lokalkunnskap som skal køyra rutene.

Ikkje berre for eldre

Fredag er handledagen, og du blir henta heime og køyrt til butikken. Der får du tid til både å handla, drikka kaffi og drøsa med andre før du blir køyrt heim igjen. Treng du hjelp til å bera inn varene, får du det.

– Handlebussen er ikkje berre for eldre, men alle som treng hjelp til transport og har lyst til å koma ut og treffa andre. Du betalar gjeldande billettpris hos Kolumbus, og du kan betala kontant eller bruka Kolumbus-appen, seier Sandvik.

Her finn du meir informasjon

Informasjon om tilbodet, og kva nummer ein skal ringa for å bestilla plass, blir lagt ut i butikkane. Skal du ikkje innom butikken før 5. mai, finn du informasjonen her:

Handlebussen Vats (PDF, 395 kB)

Handlebussen Imsland (PDF, 326 kB)

Handlebussen Vikebygd (PDF, 404 kB)