Utdeling av gratis sjølvtestar

Vindafjord kommune har god tilgang på sjølvtestar, og deler ut gratis testar til prioriterte grupper.

Ein haug med negative hurtgtestar. - Klikk for stort bilete Samuel Francis Johnson, Pixabay

Det er nå lagt opp til meir sjølvtesting og at ein sjølv varslar nærkontaktar. Positive sjølvtestar skal framleis meldast inn til koronakontoret.

Elektronisk registrering av sjølvtestar

Desse får gratis sjølvtestar:

  • Personar med nyoppståtte symptom. (Ved negativt resultat og vedvarende symptom, bør testen gjentakast.)
  • Nærkontaktar.
  • Dei som må testast grunna innreise til Noreg.
  • Andre som er anbefalt å testa seg av smittevernlege.

Me deler ikkje ut testar til testing for eksempel før arrangement, eller fordi arbeidsgjevar krev testing før du møter på jobb. Til desse formåla må du kjøpa testar sjølv.

Viktig å huska på:

  • Den som hentar testar må vera symptomfri.
  • Sjølvtestane tåler ikkje kuldegrader. Legg dei under jakka, eller ta med noko som beskyttar testane mot kulde.

Utlevering

  • Utlevering skjer på koronakontoret, Rådhusplassen 32 (gamle legevakta i Ølen) måndag til fredag mellom klokka 08.00-10.00 og 13.00-15.00.  
  • Helg: Utlevering etter avtale. Ring mobil 99 52 99 06 mellom klokka 12.00-15.00 laurdag og søndag.

Har du spørsmål, send ein e-post til korona@vindafjord.kommune.no, eller ring koronakontoret på telefon 53 65 60 34 eller mobil 99 52 99 06.