Ut på tur i Vindafjord

1. april gjekk startskotet for årets Ut på tur i Vindafjord. Ni turar med ulike vanskegradar og seks lettare turar fordelt på alle bygdene. I tillegg til god trim, kan du også vinna gåvekort.

Turbrosjyra er sendt i posten, og du finn den digitalt i artikkelen. Aleksander Vølstad

Årets lansering av Ut på tur er ingen aprilspøk! Påsken ser ut til å by på flott turvêr, og me veit frå tidlegare år at ein del går i gong sesongen allereie første dagen. Då kan det vera greitt å veta at det framleis kan vera snø på dei høgaste toppane.

Ut på tur i Vindafjord 2023 (PDF, 8 MB)

9 turar byr på tre krevjande turar, fem middels og ein lettare tur. For å vera med i trekninga av gåvekort, må du ha samla alle kodeorda mellom 1. april og 31. oktober.

Tilrettelagte turar

6 turar er lagt til rette med turar for alle, også barnevogner, sykkel, rullestolbrukarar og rørslehemma. Her er det nok å samla fire av seks kodeord for å vera med i trekninga.

Kodeorda skal sendast inn etter du har gått alle turane. Det gjer du enten på papirslippen i brosjyra, eller digitalt på kommunen si nettside.

God tur!