Ungdomsrådet treng deg: – Det er spanande å få vera med og snakka for ungdom

I Vindafjord har me ungdommar som bryr seg – og som vil vera med å påverka. Tre av dei er Lovise Skrunes, Astrid Håvarstein Lothe og Linnea Bergsvik Knudsen – alle engasjerte i Vindafjord ungdomsråd.

Lovise, som går i tredje klasse på Ølen vidaregåande, har vore med i ungdomsrådet i fire år – og er no leiar.

– Eg tenkte: kvifor ikkje? Eg har alltid brydd meg om det som skjer rundt meg, og det verka spanande å få vera med og påverka, fortel ho.

For Lovise handlar engasjementet både om å bidra og om å læra:

– Me er jo framtida. Det er viktig å vera med og gi si stemme. Eg har lært mykje om ansvar og om korleis politikken fungerer – og det er sosialt og kjekt å bli kjent med andre ungdommar frå kommunen.

Ho er spesielt oppteken av utdanning og kollektivtilbod, og synest det er positivt å kunna skriva engasjementet i ungdomsrådet på CV-en.

– Og ja – pizza, brus og snop på møta er heller ikkje feil, smiler ho.

Det er heller ikkje mange møter i året.

Lovise utanfor rådhuset - Klikk for stort bileteLovis Skrunes er leiar i Vindafjord ungdomsråd Kristine Thorsen Eikeland

Utruleg kult

Astrid og Linnea, som går i andre klasse på Lundeneset vidaregåande, er òg engasjerte i ungdomsrådet.

– Eg tenkte det var kjekt å få meiningane mine høyrde. Det er spanande å få vera med og snakka for ungdom, seier Astrid.

Linnea blei inspirert av Astrid og slengde seg med:

– Det er utruleg kult at ein kan gjera noko meir enn å berre snakka med vener om kva ein ønskjer – ein kan faktisk ta det vidare og påverka!

Ho synest det er viktig at ungdom får vera med og forma lokalsamfunnet.

- Etter at eg byrja i ungdomsrådet har eg blitt endå meir engasjert i lokale saker som angår oss som er ungdommar.

Bli med du óg!

Du treng ikkje ha erfaring – berre lyst til å bidra.

Vindafjord ungdomsråd er ein arena der ungdom får vera med og påverka, læra om lokaldemokrati og bli kjent med andre engasjerte ungdommar.

Linnea og Astrid utandørs - Klikk for stort bileteLinnea Bergsvik Knudsen og Astrid Håvarstein Lothe er engasjerte i Vindafjord ungdomsråd. Kristine Thorsen Eikeland

Kor ofte er det møter?

Rådsmøta er cirka 2 ganger per halvår, på rådhuset i Ølen. Dei startar kl. 16.00 og varer i om lag 2-3 timar. Det blir servert pizza på møta.

Fortell litt om deg sjølv og kvifor du har lyst til å søka i skjemaet lenger nede på sida.

Skjema for å søka om å bli med