Ung Data 2022 - presentasjon av resultat
I dag blei resultat frå Ung Data 2022 lagt fram. Sven Gustafsson frå Korus Stavanger presenterte og la fram resultata på ein slik måte at det var enklare å tolka og forstå tala.
Sven Gustafsson frå Korus Stavanger presenterte Ung Data resultata for politikarar og tilsette.
Gunnbjørg Nesbu
Politikarar og tilsette i kommunen deltok på presentasjonen, som kan sjåast i opptak på kommunetv.
Ungdata- undersøkinga er ei lokal ungdomsundersøking der elevar over heila landet svarar på korleis ein har det, og kva ein driv med på fritida. I Vindafjord blei undersøkinga gjennomført i mars 2022 (ungdomsskule og vgs). Undersøkinga tek føre seg eit breitt spekter av temaområde. Det handlar om føresette, vener, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse, trivsel, rusmiddelbruk, seksualitet risikoåtferd og vald.
Sist endra 07.09.2022 08.48