UKM 2024 – Påmeldinga er open

Er du glad i dans, song, musikk, teikning, maling, legobygging, diktskriving, sminke, TikTok eller noko anna. Meld deg på nå.

I år er det Etne som skal halde arrangementet, og det skal vere på Etne kulturhus den 9.februar. Påmeldinga er no open, så det er berre å melde seg på! Påmeldingsfristen er 2.februar.

UKM er ein møteplass der ungdom i alderen 10-20 år kan delta med alle slag kulturutrykk. Her kan ungdom få friheita til å møte andre, bli inspirert og oppdage nye sider av sjølv og andre.

Aldersgrensa er sett til det året ein fyller 10, og opp til det året ein fyller 20. Det er ungdom i alderen 13-20 år som kan bli sendt vidare til fylkesmønstringa.

Du kan melde deg på her: