UKM 2022 Etne og Vindafjord

Etne og Vindafjord samarbeidar også i år om å arrangera UKM. Dette skjer på Ølen kulturhus 19. februar. Påmeldinga er nå open. 

UKM (Ung kultur møtes) er ein møteplass der ungdom i alderen 10-19 år kan delta med alle slag kulturutrykk. Er du glad i dans, song, teikning, maling, legobygging, diktskriving, sminke, TikTok eller noko anna. Meld deg på nå!  

Aldersgrensa er sett til det året ein fyller 10, og opp til det året ein fyller 19. Det er ungdom i alderen 13-19 år som kan bli sendt vidare til fylkesmønstringa.

Fylkesmønstringa i år er lagt til Sauda for dei frå Rogaland, og til Voss for dei frå Vestland.   

Meld deg på her

Frist: 11. februar 

Kontaktperson: 
Liva Nesheim Fuglestein, mobil 48 18 40 78