TV-aksjonen 2022: Ølen treng bøsseberarar!

Har du som bur i Ølen tid til å vera med å ta ein viktig søndagstur 23. oktober?

Nokre ruter kan ein gå, men til dei fleste treng ein bil. Oppmøte er ved rådhuset klokka 14.45, og du er ute i om lag 2 timar.

Innsamlinga går til Leger Uten Grenser sitt viktige arbeid.

Send e-post til servicetorget@vindafjord.kommune.no. Skriv gjerne kva rute du vil ta. Me tar kontakt med deg og avtalar nærare. Tusen takk!

Denne saka blir også delt på Facebook, og du kan melda deg som bøsseberar i kommentarfeltet der.

Her er rutene

  1. Dreganes
  2. Roa
  3. Roafeltet
  4. Osabrekka
  5. Steinbru/nedre del av Øvrehagen
  6. Øvre del av Øvrehagen
  7. Fikse
  8. Hiksdal
  9. Område Langhelle
  10. Dørheimsfeltet
  11. Litlehagen + Hauane
  12. Frå Oselva - nedre del av Litlehagen
  13. Østre Eide
  14. Ølensjøen
  15. Kyrkjehompen
  16. Nerheim
  17. Frå sentrum mot Ølensvåg
  18. Austsida av Sandeidvegen
  19. Vestsida av Sandeidvegen
  20. Rådhusplassen