Trafikksikker kommune

VIndafjord kommune fekk i dag stempelet som trafikksikker kommune, etter lang tid med kvalitetssikring og innlevering av dokument. På godkjenningsmøtet deltok eit utval av tilsette saman med Trygg Trafikk og Fylkeskommunen sin leiar av fylkestrafikksikkerutvalet

Kommunedirektør Yngve F. Bergesen, Ingrid Lea Mæland, Trygg Trafikk, via Teams Jonas Andersen Sayed, ordførar Sokndal og Leiar fylkestrafikksikkerutvalet, ordførar Ole Johan Vierdal og Harald Heieraas, Trygg Trafikk Nils Erik Eide

Harald Heireaas og Ingrid Lea frå Trygg Trafikk, samt leiar for fylkestrafikksikkerutvalet Jonas Andersen Sayed (via Teams), deltok saman med eit utval av tilsette frå kommunen. Møtet i dag var eit godkjenningsmøte der Trygg Trafikk og kommunen si leiing gjekk gjennom kriteriar sett opp mot den dokumentasjonen som føreligg. 

Frå Vindafjord kommune deltok:

  • Ordførar
  • Kommunedirektør
  • Kommunalsjefane for dei ulike rammeområda
  • Barnehage - og skulesjef
  • Rektorrepresentant
  • Kommunalteknisk teneste

Trafikksikker kommune er eit godkjenningssystem med kriteriar og sjekklister. Å bli ein trafikksikker kommune er eit kvalitetsstempel. Det gir ingen garanti for at ulykker ikkje skjer, men dokumenterer eit heilskapleg og godt arbeid med strafikksikkerheit. 

Les meir om kriteriar mm her

Vindafjord kommune vart i dag den 15 kommunen i Rogaland som vart godkjent som trafikksikker kommune, den 147 i landet. 

Bodskap frå Sayed var at kommunen saman lagar ein trafikksikkerheitskultur, saman for å nå nullvisjonen.  

Møtet vart avslutta med ei markering der kommunedirektøren fekk overrekt skilt frå Trygg Trafikk, samt kake som vart spandert på av Trygg Trafikk. 

Trygg Trafikk spanderte kake på kommunen etter at all dokumentasjonen sikra oss godkjenning som trafikksikker kommune. Nils Erik Eide