Totalforbod mot å gjera opp eld utandørs

Skogbrannfara er no stor i Rogaland og Vestland, og ser ut til å bli større i dagane som kjem. Brann- og redningsvesen nord for Boknafjorden innfører difor totalforbod mot å gjera opp eld utandørs frå og med tysdag 13. juni 2023.

Bilde av skogbrann - Klikk for stort bilete Ylvers@Pixabay

Forbodet gjeld førebels fram til 30. juni 2023. Brann- og redningssjefane vil då ta ei ny vurdering om det er behov for å forlenga totalforbodet.

Totalforbod - kva betyr det?

Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjera opp eld:

  • i og i nærleiken av utmark og innmark
  • på tilrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleiken av skog og utmark

Forbod i utmark og innmark
Under eit totalforbod er det ikkje tillate å brenne bål, bruke grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, briketter, gras, greiner ol.). Dette gjeld i skog og anna utmark eller så nær at eld lett kan spreie seg vidare i terrenget, samt innmarksområder.

Kva er innmark og utmark?

  • Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite
  • Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng, myr, vatn og andre typar landskap

Skular og barnehagar
Brannvesenet får mange førespurnadar frå skular og barnehagar som ønsker å tenna bål eller bruka grill på tur. No når det er totalforbod oppfordrar me til å finna andre løysningar for å kosa seg med mat ute. 

Lov å grilla i eigen hage
Me presiserer at det framleis er lov å grilla i opparbeida hage, skuleplassar og større asfalterte områder. Husk at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, uansett kvar du er og når på året det er.

Verksemder
Me ber og verksemder som driv med for eksempel skogsdrift, linjearbeid kraft og tele, kantklipping av vegnettet, sliping av jernbanelinjer og liknande om å vurdera og etablera tiltak for å redusera risiko for brann.

Din eld – ditt ansvar!

Totalforbodet gjeld følgjande kommunar: Sauda, Stord, Bømlo, Fitjar, Sveio, Utsira, Karmøy, Bokn, Tysvær, Vindafjord, Haugesund, Etne og Suldal.