Totalforbod mot å gjera opp eld er oppheva - bålforbod gjeld

Regnet dei siste dagane har hjelpt for skogbrannfaren i Rogaland. Dermed er totalforbodet mot å gjera opp eld utandørs oppheva frå og med tysdag 27. juni. Det betyr at det igjen er lov å tenna eld eller grilla på tilrettelagte bål- og grillplassar.  Det generelle bålforbodet gjeld fortsatt. 

Grill med flammer - Klikk for stort bilete Csar-Fotografie fra Pixabay

Tusen takk til de som har høyrt på oss og respektert totalforbodet. Til tross for stor gras-, lyng- og skogbrannfare har me hatt få brannar i naturen denne perioden. Det visar at innbyggjerane har tatt ansvar og følgd totalforbodet. Det set me stor pris på! 

Nå er det bålforbodet som gjeld

Sjølv om totalforbodet er over, gjeld fortsatt det generelle bålforbodet om å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark. Frå 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Noreg. I denne perioden er det ikkje tillatt å tenna opp bål og grill, også eingongsgrill, i eller i nærleiken av skog og anna utmark. 

Unntak 

  • Du har lov å gjera opp eld/tenna bål dersom det openbart ikkje kan begynna å brenna.  Openbart betyr  at det for eksempel ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid. 
  • Bruk av primus og kokeapparat kan ein nytta i dei tilfeller der det openbart ikkje er fare for at det kan oppstå brann. Man er sjølv ansvarleg for å vurdera om det er forsvarleg å bruka primus og kokeapparat. 
  • Det er lov å grilla på tilrettelagte grill- og bålplassar. 
  • Du kan grillla i din eigen hage. 
  • Du er sjølv ansvarleg - alltid. 

Sjølv om totalforbodet er over, er det likevel viktig at du alltid er forsiktig når du gjer opp eld utandørs. Din eld er ditt ansvar. Det betyr at du alltid er ansvarleg når du tenn opp eld, uansett kor du er og kva tid det er på året. 

Kravet om varsemd gjeld heile året, også utanom bålforbodet. Er du usikker på om du kan tenna opp eld eller fyra eit bål, la det heller vere.