Torunn jobbar i heimetenesta: – Eg får energi av å gå på jobb!

Torunn Hundhammer er sjukepleiar i heimetenesta, indre sone i Vindafjord kommune – og ho stortrivst. No søker ho kollegaer.  

Frå å vera oppvaksen i Ølen har Torunn slått rot i Etne saman med mann og barn. Kvardagen er fylt med både jobbglede og familieliv.  
 
Torunn er utdanna sjukepleiar og jobbar i dag i ei teneste ho opplever som både meiningsfull og variert.  
 
– Ingen dagar er like, og det er noko av det eg likar aller best, seier ho. 

Torunn inne i lokala til heimetenesta - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Møter mange ulike menneske  

I heimetenesta får ho kombinera pasientbesøk med meir administrative oppgåver som medisinoppfølging, pårørandemøte og tverrfagleg samarbeid. Arbeidsdagen går føre seg ute blant folk – i deira eigne heimar.  
 
– Me møter menneske i alle aldrar og livssituasjonar. Det er kjekt å få koma heim til folk. Du må tilpassa deg, visa respekt og skapa tryggleik. Mange er i ein sårbar situasjon, og då betyr det mykje at me kjem.  
 
Ho fortel om takksame pasientar og pårørande, og kor godt det er å bli kjent med menneska ein fylgjer over tid.  
 
– Ofte høyrer me: «Å, er det du som kjem i dag. Så kjekt!» Då kjenner du at du gjer ein forskjell. 

Ledige stillingar i helsefagarbeidar i heimetenesta

Ledig stilling som sjukepleiar i heimetenesta

Lærer mykje  

Jobben gir rom for både faglege utfordringar og sjølvstende.  

– Eg stolar meir på eigen kompetanse no, og får brukt både det sjukepleiefaglege og det menneskelege i jobben. Me jobbar tett saman med legar, apotek, fysioterapeutar, psykisk helse, sjukehus og pårørande. Det er mykje samhandling, og det er veldig kjekt, seier ho og legg til:

– Heimetenesta er i dag langt meir enn praktisk hjelp. Me møter menneske i sårbare livsfasar og følger mange heilt til livets slutt. Gjennom nær kjennskap til kvar enkelt oppdagar me tidlege teikn på sviktande helse og gjer faglege vurderingar som kan vere avgjerande. Omsorga vår handlar om tryggleik, støtte og heilskapleg hjelp. 

Torunn inne i lokala til heimetenesta - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Ein stor styrke  

Arbeidsmiljøet trekkjer Torunn fram som ein stor styrke.  

– Me har eit sterkt samhald og masse humor. Det er alltid nokon å spørja eller sparra med. Eg ler kvar dag på jobb.  

Ho rosar også leiaren sin.  

– Synnøve er ein leiar som verkeleg bryr seg. Ho er ein av oss, følgjer med i kvardagen og er oppdatert på det som skjer. Det betyr mykje.  

Ledige stillingar i helsefagarbeidar i heimetenesta

Ledig stilling som sjukepleiar i heimetenesta

Mange moglegheiter og fleksibilitet  

No ønskjer Torunn seg fleire kollegaer i heimetenesta.  
 
– Dette er ein arbeidsplass med utruleg mange moglegheiter. Det er breitt, variert og gir god jobbsikkerheit. Årsturnus gjer kvardagen meir føreseieleg, og det er lettare å planleggja både jobb og fritid.  
 
Etter vinterferien startar ho med langvakter, noko Torunn er spent på - men ser fram til.  
 
– Då jobbar me kvar fjerde helg og får lengre friperiodar. Med tre små ungar på 7, 4 og 1,5 år betyr fleksibilitet enormt mykje. Eg får meir tid med familien.  

Kjekt å ha eit mål

Når ho ikkje er på jobb, likar Torunn å vera aktiv. På hausten og vinteren likar familien å reisa til fjells på Vågslid når dei kan. 

I sommar trenar ho mot fjellmaraton.  

– Eg har alltid likt å trene. Eg har aldri vore særleg målbevisst, men det er kjekt å ha noko å strekke seg etter. No som eg har meldt meg på mitt første fjellmaraton, er målet å gjennomføre og sitje att med ei positiv oppleving. Det er kjekt å ha ei utfordring som gir ei kjensle av meistring, smiler ho.  

Til deg som vurderer ein jobb i heimesjukepleia, har Torunn ei klar oppmoding:  

– Dette er ein kjekk, variert og meiningsfull arbeidsplass. For meg er verdt ein liten køyretur. Eg får energi av å gå på jobb! 

Ledige stillingar i helsefagarbeidar i heimetenesta

Ledig stilling som sjukepleiar i heimetenesta