To vaksne treng støttekontaktar

Har du 2-3 timar i veka du kan bruka til å lysa opp kvardagen til andre? Heimetenesta ytre sone er på jakt etter støttekontaktar til ei kvinne og ein mann.

adamtepl Pixabay

Likar matlaging og handarbeid

  • Triveleg dame på 64 år i søker støttekontakt til sosialt samvær.
  • Gjeremål og interesser: baking, matlaging og handarbeid. Gjerne ein tur ut når vêret tillet det.
  • Brukar rullestol. Har eigen bil, så bilturar i nærområdet kan også vera aktuelt.

Arbeidstid: 3 timar per veke. Løn etter regulativ.

Interessant samtalepartnar

  • Mann 62 år søker støttekontakt. Er ein veldig interessant samtalepartner om alt frå bil, filmar, historie, teknologi til aktuelle nyhende.
  • Er rullestolbrukar. Det hadde vore hyggeleg med selskap til handel, kino, konsertar og andre arrangement.

Arbeidstid: 2 timar per veke. Løn etter regulativ

Ta kontakt

Kan dette vera noko for deg? Ta kontakt med soneleiar Kathrina Håvarstein, heimetenesta ytre sone.