Tips til pakking av bil til ferieturen

Trygg Trafikk tilrår å pakka smart. Mange skal ut på kjøretur med fullpakka bil i ferien og her er nokre råd for ein tryggare tur.

Fietzfotos@Pixabay
  • Planlegg pakkinga av bilen og legg tunge gjenstandar nedst inntil seteryggen
  • Husk at alle gjenstandar aukar vesentleg i vekt ved ein bråstopp. Har barna iPad, nytt godkjente iPad-holdarar til bil, det er ein billeg forsikring.
  • Ein enkel huskeregel er: Dersom du ikkje vil ha gjenstanden i hovudet frå 2. etasje bør den sikrast.
  • Sett mobilen i bilmodus og fokuser på kjøringa.

Trygg Trafikk har gode tips til kjøreturen: https://www.tryggtrafikk.no/kjore/bil/tips/sommertips-til-bilturen/

God ferie!