Det valet har eg ikkje angra på, fortel Tina.
– Søstera mi jobbar her og anbefalte det varmt. Familien meinte dette kunne passe for meg, og dei hadde heilt rett, fortel Tina.
Ho jobbar som ringevikar, og trivselen er stor.
– Eg gledar meg til å gå på jobb, og har blitt glad i dei som bur her. Det er veldig kjekt å vera ein del av eit godt arbeidsmiljø. Ein kjem fort inn i rutinane, og er du usikker, får du alltid god rettleiing, seier ho.
Ledig stilling som helsefagarbeidar ved Sandeid bufelleskap
Ledig stilling som vernepleiar (eller annan relevant treårig høgskuleutdanning
Kristine Thorsen Eikeland
Kvifor er jobben så givande?
For Tina handlar det om å skapa gode dagar for brukarane.
– Det er kjekt å gje dei ein god dag, skapa smil og godt humør. Det gir mykje tilbake. Eg likar å følgja dei på jobb på Gnisten, vera med på trim og songstund, og ha gode samtalar, fortel ho.
Arbeidsoppgåvene er varierte. Ho følgjer bebuarane gjennom dagen. Dei som bur her har ulike behov og interessert, og det gir ein spennande og lærerik arbeidskvardag.
Kristine Thorsen Eikeland
Fleksibilitet og framtidsplanar
Bufelleskapet har mange som jobbar langsiktig, og fleire yngre tilsette.
Vaktene varierar mellom dagvakt, kveldsvakt og langvakt (08–22), noko som gir stor fleksibilitet.
– Eg vurderer å studera sjukepleie eller vernepleie vidare. Eg har fått sansen for å jobba innan helse, og ser at det er mange moglegheiter, seier Tina.
Ho er glad for valet ho tok:
– Eg er veldig glad eg søkte jobb her. Det er givande, sosialt og lærerikt – og ein jobb eg vil anbefala til andre.
Ledig stilling som helsefagarbeidar ved Sandeid bufelleskap
Ledig stilling som vernepleiar (eller annan relevant treårig høgskuleutdanning
Kristine Thorsen Eikeland