Dimhou@Pixabay
Det har blitt busett rekordmange flyktningar i kommunen dei siste åra. Flyktningane blir busett i heile kommunen, og det vil vera avgjerande for integreringa med gode fritidstilbod og eit inkluderande lokalmiljø i den bygda dei bur i. Vindafjord kommune ynskjer å legga til rette for at lag og organisasjonar i kommunen kan bidra til integrering og inkludering av flyktningar.
Det er i 2026 sett av 100.000 kroner i tilskotsmidlar som lag og organisasjonar kan søka om til integreringsfremjande tiltak. Det er ynskjeleg at tilskotsmidlane skal gjera det meir fleksiblet for lag og organisasjonar å oppretta nye aktivitetar, tilpassa opplegg eller legga til rette for meir inkludering av flyktningar. Tilskotet kan nyttast til tiltak retta mot flyktningar i alle aldrar.
Dette kan du søka om tilskot til:
· Arrangement
· Møteplassar
· Aktivitet
· Utstyr
· Transport
· Informasjon og kommunikasjon
· Tolkeutgifter og omsetting
· Kurs og kompetanseheving
· Nyskaping
Lista er ikkje uttømmande
Søknadsprosess
Digitalt søknadsskjema: Skjema - Tilskot til integreringsfremjande tiltak
Søknadsfrist: 1. april 2026.
Tilbakemelding frå kommunen: innan 1. juni 2026.
Søknadane blir vurdert av integreringstenesta og rådgjevar for kultur og idrett.
Rapportering
Mottakarar av tilskot må sende ei kort oppsummering av korleis midlane er nytta og effekten av desse innan 31.01.2027.
Spørsmål
Har du spørsmål om tilskotet kan du ta kontakt med Miriam Aareskjold i integreringstenesta. Tlf.: 41287722. E-post: miriam.aareskjold@nav.no