Tilskot til inkludering av barn og unge 2027: Har du ein god idé?

Alle barn og unge fortener ha ein plass der dei kan meistre og føle seg inkludert. No kan du vere med og skapa slike rom. Bufdir har lyst ut tilskudd til inkludering av barn og unge for 2027. 

Ordninga gir støtte til aktivitetar som skapar opne møteplassar, gjer det mogleg å delta på ferie- og fritidstilbod, og støttar tilbod om sommar - og deltidsjobb. 

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i samfunnet. Målgruppa er barn og unge frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Har du ein idé som kan gi barn og unge i Vindafjord gode opplevingar og nye moglegheiter? Då kan du søke!

Illustrasjonsfoto av gut og jente - Klikk for stort bilete Pexels

La oss saman bygge eit samfunn der ingen står utanfor. 💙

Kven kan søkje:

· Frivillige organisasjonar
· Private aktørar
Merk: For å kunne søkje må de ha eit eige organisasjonsnummer, ha vore registrerte i Einingsregisteret og ha hatt aktivitet i minst to år.

Søknadsfrist: 13. november 2026 klokka 23.59

Les meir om ordninga her

Slik søkjer du:

  • Set deg inn i forskrifta og informasjonen på nettsida for ordninga.
  • Send inn søknad i Bufdir sin søknadsportal for tilskot. 
  • Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 
  • Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida for ordninga for unntak frå denne regelen). De kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida for meir informasjon om desse).

Etter at du har sendt søknaden:

  • Søknader som er sendt inn skal rangerast av kommunen. (Rangeringa og eventuelle vurderingar vil vere synlege for søkjar i søknadsportalen).
  • Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på vedtakande politisk eller administrativt nivå.
  • Når kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege saksbehandlinga av søknadene. 
  • Det vil liggje informasjon på nettsidene til Bufdir om forventa saksbehandlingstid.

Midlane blir lyst ut med atterhald om Stortinget sitt endelege budsjettvedtak.