Tilskot til inkludering av barn og unge 2026: Har du ein god idé?

Alle barn og unge fortener ha ein plass der dei kan meistre og føle seg inkludert. No kan du vere med og skapa slike rom. Bufdir har lyst ut tilskudd til inkludering av barn og unge for 2026. 

Tilskot til inkludering av barn og unge er no lyst ut for 2026. 

Ordninga gir støtte til aktivitetar som skapar opne møteplassar, gjer det mogleg å delta på ferie- og fritidstilbod, og hjelper unge med å fullføre utdanninga si.

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i samfunnet. 

Målgruppa er barn og unge frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Har du ein idé som kan gi barn og unge i Vindafjord gode opplevingar og nye moglegheiter? Då kan du søke!

Illustrasjonsfoto av gut og jente - Klikk for stort bilete Pexels

La oss saman bygge eit samfunn der ingen står utanfor. 💙

Kven kan søkje:

· Offentlege instansar
· Frivillige organisasjonar
· Private aktørar

Søknadsfrist: 31. oktober 2025

Les meir om ordninga her

Slik søkjer du:

  • Set deg inn i forskrifta og informasjonen på nettsida for ordninga.
  • Send inn søknad i Bufdir sin søknadsportal for tilskot. 
  • Frivillige organisasjonar og private aktørar skal bruke søknadsskjema 
  • Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida for ordninga for unntak frå denne regelen). De kan søkje om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida for meir informasjon om desse).

Etter at du har sendt søknaden:

  • Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. 
  • Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på vedtakande politisk eller administrativt nivå.
  • Når kommunen er ferdig med rangeringa, startar Bufdir den endelege saksbehandlinga av søknadene. 
  • Det vil liggje informasjon på nettsidene til Bufdir om forventa saksbehandlingstid.