Tilskot til aldersvennleg oppgradering av bustad

Vil du gjera bustaden tryggare og enklare å bu i når du blir eldre? No kan du søkja om tilskot frå Husbanken gjennom ei ny ordning. Søknadsfristen er 30.oktober 2026.

Kven kan søkja?

Du kan søkja dersom du er 62 år eller eldre, eller bur saman med nokon som er det. Bustaden må vera ein eigd eller leigd heilårsbustad der du er folkeregistrert. Leiger du, må du ha samtykke frå utleigar. Oppgraderinga må ha ein kostnad på minst 40 000 kroner.

Eldre par sitter sammen på en sofa, engasjert i en varm samtale inne i et godt opplyst rom. - Klikk for stort bilete pexels

Kor mykje kan du få?

Husbanken kan dekka inntil 25 prosent av kostnadene, med eit maksimalt tilskot på 75 000 kroner per bustad. Du må likevel kunna betala arbeidet sjølv i første omgang. Tilskotet blir utbetalt når arbeidet er ferdig og du har dokumentert at det er utført og betalt.

Kva type tiltak gjeld ordninga?

Du kan få tilskot til varige tiltak som gjer bustaden tryggare og enklare å bu i, til dømes trinnfri inngang, fjerning av tersklar og nivåskilnader, tilpassa bad og betre lys. Vanleg oppussing og modernisering gir ikkje rett til tilskot.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 30. oktober 2026.

Slik søkjer du

  • Hent tilbod eller kostnadsoverslag frå ein registrert handverkar før du søkjer.
  • Arbeidet kan ikkje vere starta, og du kan ikkje gjera det sjølv.
  • Søk digitalt via Husbanken.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du hos Husbanken:
Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad.