Tilbyr gratis synfaring og rådgjeving for eigarar av verneverdige bygningar

Haugalandmuseet er i gang med eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune, retta mot eigarar av gamle hus. No kan huseigarar få gratis besøk og rådgjeving av ein bygningsvernrådgjevar.

Stillinga som bygningsvernrågjevar er satt av Tarjei S. Sortland.

Tilbodet er for eigarar av eldre bygningar, som er usikre på kva dei kan eller bør gjera for å ta vare på bygningane. Bygninga treng ikkje å væra freda eller formelt verna for å væra aktuell for tilbodet. 

Huseigarane kan ta kontakt med Haugalandmuseet for gratis råd og rettleiing.Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad. 

Pexels

Kva får huseigar ut av dette tilbodet?

• Besøk av ein bygningsantikvar med kompetanse på eldre bygningar
• Praktisk gjennomgang av eige bygg
• Svar på spørsmål om eldre hus
• Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald 
• Informasjon om støtteordningar
• Råd om kor dei kan venda seg for spesialkompetanse 

Etter synfaringa får huseigar ein skriftleg rapport om bygninga og kva som blei sett på. Rapporten inkluderer gjerne gamle bilde og informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. 

Rapporten kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilde under synfaringa, dersom eigar tillèt det. 

Kva får du ikkje gjennom dette tilbodet?

• Haugalandmuseet har inga myndigheitsrolle. Me kan ikkje pålegga eigar å gjera tiltak, og me 
kan ikkje avgjera byggesaker eller liknande. Vår rolle er å gje ein bygningsfagleg vurdering 
utanom det offentlege avgjerdsapparatet. 
• Me utfører ikkje praktisk restaurering på synfaringane, men me kan diskutera løysingar med
huseigar.
• Den gratis synfaringa inkluderer ikkje ein omfattande tilstandsvurdering etter Norsk Standard. 
• Me lagar ikkje teikningar av fasadar, planløysing eller liknande, men me kan diskutera 
løysingar med huseigar. 
• Me deler ikkje ut økonomisk støtte gjennom denne ordninga, men me kan gje råd om kor og 
korleis huseigar kan få tak i slik støtte.

Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Huseigarar kan ta kontakt om dei er usikre.

Som del av dette tilbodet, vil det også bli arrangert kurs om aktuelle tema. Desse kursa blir annonsert på nettsida til Haugalandsmuseet.