Tilbod om oppfriskingsdose til alle over 18 år

Regjeringa opnar no opp for at alle personar mellom 18 og 64 år utan underliggande sjukdommar, skal få tilbod om oppfriskingsdose av koronavaksine. Effekten av ein oppfriskingsdose vil imidlertid vere begrensa sidan vaksinasjonsdekninga er høg, og mange nyleg har gjennomgått infeksjon.

HaticeEROL, Pixabay

Låg risiko for alvorleg sjukdom

FHI vurderer at gruppa 18-64 år utan underliggande sjukdommar, per no ikkje er inkludert som ei av målgruppene som vert anbefalt å ta ein ny oppfriskingsdose. Risikoen for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19 er for denne gruppa låg. Nytten av ein oppfriskingsdose vil vere begrensa sidan dei fleste til no har tatt dei anbefalte dosane, og mange nyleg har vore smitta med covid-19. 

Mogleg å ta oppfriskingsdose

Det vert likevel opna opp for at dei som ønsker det, kan ta ein ny vaksinedose. Kvar enkelt kan ha gode grunnar til å la seg vaksinera, til dømes dersom ein skal ut å reisa, ønske om å beskytta dei rundt seg, ønske om å redusera faren for alvorlege symptom etter smitte, eller uro for sjukdom. 

Bestilla time

Vaksinekontoret legg fortløpende ut ledige timar på Remin. Logg deg inn med BankID for å bestilla time.

Vaksinekontoret

Vaksinekontoret er lokalisert på baksida av Ølen omsorgssenter.
Adresse: Rådhusplassen 32, 5580 Ølen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Les meir her:

Regjeringa: Alle i alderen 18 til 64 år får tilbud om oppfriskningsdose koronavaksine