Tid for å klippa hekk, buskar og tre

Ser du ikkje vegen for berre tre? Nå er det tid for sommarklipp av hekkar, buskar og tre. På din eigedom er det ditt ansvar å sørga for god sikt langs vegar, i kryss og avkøyrsler.

Buskar og tre som veks ut i vegen. - Klikk for stort bileteDette illustrasjonsbiletet viser både tre og buskar som måtte klippast for å betra både sikt og fri høgd over vegen. Hildbjørg Fludal

 

– Gode siktforhold langs vegane er viktig for trafikktryggleik og framkommelegheit. Hekkar, buskar og tre som grensar til veg må normalt klippast vår og haust, men klipping om sommaren kan også vera nødvendig, seier Hildbjørg Fludal, ingeniør veg i Vindafjord kommune.

Kommunen har ansvar for kommunale vegar, men ikkje klipping på privat eigedom. 

Sikttrekant og to løysingar

I kryss og avkøyrsle skal det vera ein sikttrekant der planter, buskar, murar, tette gjerde og liknande ikkje skal vera høgare enn 0,5 meter over vegbanen. Her er det lurt å planta vekster som ikkje blir høge. Ønsker ein høgare planter eller tette gjerde, må ein trekka dette lenger inn på eigedommen.

Klipp enten hekken din slik at den er under 0,5 meter (alternativ 1) eller flytt gjerde eller hekk utanfor fri sikt-sona, merka med rosafarge (alternativ 2).

 

Illustrasjon som viser korleis ein må klippa eller flytta hekk for å halda fri sikt til gangveg og veg. - Klikk for stort bilete Illustrasjon: Statens vegvesen

Merk at fri sikt-sona bør utvidast utover 30 meter dersom gang- og sykkelvegen hellar og syklistane held høg fart. Siktsona må også justerast etter farten på staden.

 

Meir om sikt og sikttrekant kan du lesa her

Husk å klippa i høgda også

Det er altså ditt ansvar å klippa og halda rett høgde og avstand. Dette gjeld også for gang- og sykkelvegar.

– Fri høgd over køyreveg skal vera minst 4,2 meter. For gang- og sykkelveg skal fri høgd vera minst 2,25 meter. Dette må ein også ta omsyn til dersom ein har tre med greiner som veks utover veg og gang- og sykkelveg, seier Fludal.

Kantklipp på kommunale vegar

Vindafjord kommune startar med kantklipping på kommunale vegar og byggefelt i veke 28.