Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar

Frå onsdag 26. januar gjeld det nye karantenereglar. Mellom anna blir karantene erstatta med 5 døgn testing etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Ein haug med negative hurtgtestar. - Klikk for stort bilete Samuel Francis Johnson, Pixabay

Her finn du dei nye reglane

Du må ha positiv sjølvtest før du bestiller PCR-test

PCR-test skal nå berre brukast til å stadfesta positiv sjølvtest. Du skal ikkje bestilla PCR-test før du har tatt ein sjølvtest som er positiv.

For enkelte gruppe gjeld positiv sjølvtest som stadfesting på eit sikkert positivt tilfelle. Desse skal ikkje bestilla PCR-test, berre melda inn positiv test elektronisk:

  • Personar som har mottatt ein tredje vaksinedose (oppfriskingsdose).
  • Personar som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadane.

Hent gratis hurtigtestar

Desse gruppene får gratis hurtigtestar:

  • Personar med nyoppståtte symptom. (Ved negativt resultat og vedvarande symptom, bør testen gjentakast.)
  • Test ved kjent eksponering:
  • a) test i staden for karantene av husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • b) øvre nærkontaktar

Testane hentar du på koronakontoret, Rådhusplassen 32 (gamle legevakta i Ølen) måndag til fredag mellom klokka 08.00-12.00 og 13.00-15.00.