Test av nødnettet onsdag 11. juni klokka 12
Onsdag 11. juni klokka 12 vert det sendt ut eit landsdekkande nødvarsel. Dette er berre ein test, men telefonen din vil lage høg lyd.
- Kva skjer?
Mobiltelefonar vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal. Samtidig testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon». - Må eg gjere noko?
Nei, dette er berre ein test. Men del gjerne informasjonen, slik at fleire er førebudde! - Kven får varselet?
Alle mobiltelefonar som:
– er skrudd på
– er kopla til 4G/5G
– har oppdatert programvare - Vil du unngå testen?
Set telefonen i flymodus eller skru han heilt av før og etter kl. 12. Merk: varselet overstyrer lydlaus modus. - Kvifor testar vi?
For å gjere folk kjende med varslinga og sikre at systema fungerer som dei skal. - Høyrer du tyfonane?
Dette er ein test. I ei reell hending betyr signalet at du skal søkje informasjon via radio, TV, myndigheitene sine nettsider eller sosiale medium.
Colourbox/illustrasjon/nødvarsel.no
Les meir her:
nødvarsel.no
sivilforsvaret.no
Sist endra 30.05.2025 11.27