Tenk på framtida – sprek alderdom, på Sjøperlo

Fysio- og ergoterapitenesta i Vindafjord, Pensjonistforbundet Vindafjord og Skjold pensjonistforening inviterer til seniordag på Sjøperlo måndag 13. oktober kl. 12.00–15.00.

Dette er ein dag for deg som vil planleggja for ein aktiv og trygg alderdom – ikkje berre for dei aller eldste.

Kven passar seniordagen for?

Seniordagen passar for deg som:

  • er pensjonist og bur heime
  • vil vera føre var og tenkja framover
  • er nysgjerrig på kva slags tilbod som finst – både no og seinare

Tenkjer du at du er «for ung» til seniordag? Då er dette nettopp dagen du bør komma.

Dette får du på Sjøperlo 13. oktober

Kl. 12.00–15.00 på Sjøperlo i Ølen får du:

Føredrag og informasjon frå:

  • fysio- og ergoterapitenesta
  • tenestekontoret
  • heimetenesta
  • hukommelsesteamet

Stands og gode råd frå:

  • Frisk treningssenter
  • Eurosko Etne
  • Gnisten
  • Ølen sanitetsforening
  • Haugaland brann og redning
  • Frivilligsentralen
  • Velferdsbutikken (småhjelpemiddel)
  • fysio- og ergoterapitenesta, tenestekontoret, heimetenesta og hukommelsesteamet

Her får du råd om korleis du kan ta vare på helse, føter og kvardag framover, og du blir kjent med ulike tilbod som kan gjera det enklare å leva aktivt og trygt heime.

Praktisk informasjon

  • Stad: Sjøperlo, Ølen
  • Dato: 13. oktober
  • Tid: kl. 12.00–15.00

Du treng ikkje å melda deg på – det er berre å møta opp.

Nysgjerrig på kva som finst av tilbod, no og seinare? Kom på seniordag!