Tenk over kva du drikk framfor barna

Mange vaksne vil kosa seg med alkohol, også når dei er saman med barna. Mange barn synes det er heilt greitt, men kvar går eigentleg grensa?

Oppfordrar til 17. maifeiring på barna sine premiss

Kvart år spør IPSOS, på vegne av Av-og-til, mellom 500 og 1000 barn korleis dei opplever vaksne sin alkoholbruk. Basert på desse undersøkingane, og annan forsking på feltet, har Av-og-til utarbeida følgande råd til vaksne som drikke alkohol.

Av-og-til sine 6 råd om alkoholbruk rundt barn:

Drikk maks to glas når du er saman med barna

Tenk gjennom på førehand om du skal drikka, og i så fall kor mykje, med barn til stades. Når barna blir spurt, seier fleirtalet at dei ønsker at vaksne drikk null, eit eller to glas alkohol når dei er saman med dei.  

Ha flest dagar utan alkohol, også i ferien

Når barna blir spurt, seier dei fleste at dei synest det er greitt å drikka alkohol ein gong i veka eller sjeldnare. Berre 3 av 100 synest det er greitt at foreldra drikk kvar dag.

Vis barna at ein ikkje trenger å drikka alkohol kvar gong ein skal kosa seg, heller ikkje når det er ferie.

Bli einige med andre vaksne

Skal de vera saman med andre vaksne? Då kan det vera fint å avtala kva som er greitt og ikkje med barn til stades.

Det kan også vera lurt at minst ein er edru og kan køyra bil dersom det skulle oppstå noko.

Ikkje gløym morgondagen

Pass på at kveldens kos ikkje ender med at du må avlysa morgondagens planar, som heile familien har gleda seg til. 

Hugs at barn merkar at du har drukke tidlegare enn du trur

Ofte kan det vera vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå triveleg til ubehageleg for barna. Det som vaksne kan oppleva som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjera barn usikre og utrygge. 

Ver spesielt medviten i feriar og høgtider

Fridagar og høgtider er høgdepunkt for barna. Samtidig er det også då nordmenn oftast kjøper mest alkohol. Ver medviten på at fri frå jobb, seine kveldar og eventuelle utanlandsferiar aukar risikoen for at du startar å drikka tidlegare på dagen, eller at du drikk meir enn du hadde tenkt.

Barn blir ekstra sårbare for endringar hos foreldra når dei er borte frå sine trygge rammer. For eksempel i eit selskap i eit framand hus eller på ferie heimanfrå.