Tankar om nytt lausdriftsfjøs? Velkomen til informasjonsmøte om investeringsmidlane

Velkomen til informasjonsmøte anten du berre er nysgjerrig, eller er i tenkeboksen for om du skal gjere nødvendige investeringar for å møte lausdriftskravet. 

Morten Rørheim

Møtet blir 18. september i Ølen på kulturhuset ifrå kl. 11.00 til 14.00. 
Her blir det informert om korleis du kan søke støtte frå Innovasjon Norge til byggeprosjekt.

Program

11.00 – 11.30 Lunsj og mingling.

11.30 – 14.00 blir det følgjande innlegg:

  • Ordførar ynskjer velkomen.
  • I rute til lausdriftskravet? Statsforvaltaren i Rogaland.
  • Innovasjon Norge går igjennom krav til søknad og gir ein peikepinne på kva som blir støtta, samt støttenivå.
  • Tankar frå Bondelaget.
  • Vi får døme frå bønder som har investert.
     

Det blir rom for å stille spørsmål.

Møta er gratis, men av omsyn til matbestillinga ber vi om påmelding innan 15. september. 

Klikk på linken nedanfor for påmelding:
Påmelding til informasjonsmøte lausdriftsfjøs


Målgruppe:
Bønder og andre interesserte