Takka av etter åtte år: – Eit privilegium å få leia ein så sterk organisasjon

3. mars har Yngve Folven Bergesen sin siste arbeidsdag som kommunedirektør i Vindafjord kommune. Han ser tilbake på ei kjekk tid i kommunen.

Etter åtte år i sjefsstolen – og heile 19,5 år i offentleg sektor, ventar eit nytt kapittel for Yngve - som advokatfullmektig i Advokatfirmaet Elden.

– Det blir annleis, og ein heilt annan måte å jobba på. Det er mykje som må lærast, og det gler eg meg til. Eg kjenner meg klar for noko nytt, seier Bergesen.

Han er oppvaksen i Olden og bur i Haugesund. Pendlarvegen mellom Haugesund og Ølen har aldri vore noko problem.

– Det har gått heilt fint i alle desse åra. Denne jobben har vore utruleg kjekk. Det handlar om alle folka eg har fått bli kjend med – og dei meiningsfulle oppgåvene me har løyst saman.

Yngve Folven Bergesen på Rådhuset med Ølen i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

– Kommunen har kome tett på

Då han byrja i jobben, kjende han ikkje så godt til Vindafjord. Det har endra seg.

– No står den mangfaldige kommunen veldig nær meg. Det er ni sterke bygder her, og eit flott samfunn. Folk bryr seg verkeleg om bygda si og kommunen sin.

Han trekkjer fram næringslivet, næringsforeiningane og landbruket som viktige drivkrefter.

– Det er imponerande kva folk får til her. Eg kjem sjølv frå ein kommune med fleire bygder, så det er mykje som kjennest kjent.

Stolt av fleire prosjekter

Når han ser tilbake, er det mange prosjekt han er stolt av. Eitt skil seg særleg ut.

– Det var stort å få opna nye Vindafjordhallen. Hallen brann berre eitt år etter at eg byrja som kommunedirektør. At me klarte å byggja opp att eit så flott og viktig bygg – og levera på tid og kostnad – det var veldig kjekt.

Interressant og spennande

Bergesen meiner det å jobba i kommune kanskje er litt undervurdert.

– Det er komplekst, interessant og spennande. Kommunedirektørstillinga famnar utruleg breitt, og det same kan seiast om heile organisasjonen.

Han peikar på at alle i Noreg bur i ein kommune, og har eit forhold til den.

– Kommunen betyr noko for alle, frå før du er fødd til livets slutt. Heile næringslivet samspelar med kommunen. Det er på ingen måte kjedeleg.

Kommuneleiargruppa i Vindafjord - Klikk for stort bileteKommuneleiargruppa i Vindafjord Kristine Thorsen Eikeland

Imponerte i ein vanskeleg periode

Ei av dei mest krevjande tidene var pandemien.

– Det var heftig. Men eg er imponert over måten organisasjonen handterte det på. Me klarte å halda oppe ordinær drift, samstundes som me handterte ein heilt ny situasjon.

Han rosar dei tilsette.

– Folk stiller opp når det trengst. Dei er villige til å strekkja seg når det skjer uventa ting. Det er eit privilegium å få vera øvste leiar for 850 tilsette som kvar dag yter tenester til innbyggjarane.

– Nøkkelen er samarbeid

På spørsmål om kva som er nøkkelen til å lukkast som kommune, er han tydeleg:

– Samarbeid. Godt samarbeid på tvers av kommune og næringsliv er heilt avgjerande. Eg har reist rundt på folkemøte i alle bygdene og fått mange gode og saklege innspel. Det er slik me blir betre.

Han rosar også det politiske miljøet.

– Det har vore god stemning og god dialog i kommunestyret, sjølv om ein har ulike meiningar.

Og kva er ein god dag på jobb?

– Når eg kjenner at me har fått gjort noko – landa ein konklusjon eller hatt ei god drøfting. Og så vil eg framheva kor viktig det er å ha det kjekt på jobb. Å le og ha det artig saman skaper psykologisk tryggleik. Då er det også lettare å ta tak i dei vanskelege tinga saman.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og ordførar Ole Johan Vierdal på rådhuset. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Yngve Folven Bergesen og ordførar Ole Johan Vierdal på rådhuset. Nils Erik Eide

Råd til etterfølgjaren

Rådet til den nye kommunedirektøren er klart:

– Gjer rolla til di eiga. Det finst mange kompetente og flinke folk i organisasjonen – spel på dei.

Han understrekar at endringar aldri er enkle.

– Det handlar om å skapa forståing, både i organisasjonen og blant innbyggjarane. Demografiutviklinga gjer at me må halda fram med å omstilla oss.

Kjem til å sakna kollegaene

Sjølv om han ser fram til nye utfordringar, er det éin ting han kjem til å sakna ekstra mykje.

– Kollegaene. Det er ein fantastisk gjeng. Eg kjem til å sakna dei mykje.

Han har fått mange varme tilbakemeldingar dei siste dagane.

– Kanskje ein burde slutta litt oftare, seier han spøkefullt. Det er då ein verkeleg får høyra at ein har utretta noko. Eg set stor pris på dei fine orda eg har fått.

Fargerike sokkar og tonar frå 80-talet

Trass i at arbeidskvardagen ofte har kravd dress, har han alltid ein fargerik detalj på seg.

– Eg må alltid ha litt farge i tilværet. Sokkeskuffa er stappfull av fargerike sokkar. I dag er dei gule med grøne kaktusar.

Og så er det kanskje ikkje alle som veit at han er over gjennomsnittet glad i Eurovision-songar.

– Favorittepoken er 1985–2005. Der er det mange gode låtar.

Han spring også maraton, og sprang sitt første i 2022 etter fleire halvmaraton.

– Det fungerer veldig bra som avkopling. Eg får skrudd av hovudet og blitt fysisk sliten. I ein jobb med mykje ansvar har det vore godt for nattesøvnen.

Eit kongeleg minne

Eit særleg minne tek han med seg vidare: då han var med og tok imot Kongeparet under besøket i kommunen.

– Sjølv om eg eigentleg er republikanar, så var det ganske stort, framhevar han smilande.

Yngve avsluttar no eit langt og innhaldsrikt kapittel i kommunen.

– Eg vil takka alle i organisasjonen for innsatsen. Takk for meg. Eg kjem alltid til å halda auge med kva som skjer i Vindafjord. Det er ein spennande region med mykje potensial.