Strandryddeveka 2023

Hold Norge Rent inviterer til nasjonal ryddedugnad 8. - 17. september.

nastya_gepp@Pixabay

Strandryddeveka

Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt. Me oppfordrar deg til å vera med å rydda i nærområdet ditt. Få gjerne med deg familie, vener eller andre grupper.

Hold Norge Rent arrangerer strandryddeveka, og Vindafjord kommune har sekkar og hanskar til utdeling på rådhuset i Ølen og på Teknisk bygg i Sandeid.

Opningstida er 08.00 – 15.30 måndag til fredag.

Det er sett ut container ved Teknisk bygg i Sandeid og på Revehallstomta i Ølen. Der kan de kasta søppelet de ryddar.

 

Sjekk ut tips frå Hold Norge Rent:

https://holdnorgerent.no/strandryddeuka

https://holdnorgerent.no/hvordan-bli-med-pa-ryddeaksjon