Valdeltakinga i Vindafjord har auka frå 79,4 prosent i 2021 til 81,9 prosent i 2025.
Andelen førehandsstemmer var 41,4 prosent.
Kristine Thorsen Eikeland
Stas og høgtideleg
På valdagen tok ordførar Ole Johan Vierdal turen til nye Vindafjordhallen for å avgje si stemme ved stortingsvalet.
– Det er ekstra kjekt å stemma i Vindafjordhallen igjen, seier han.
Han fortel at han har førehandsstemt éin gong, då han skulle reisa i militæret.
Elles har Ole Johan alltid stemt på sjølve valdagen:
– Det er både stas og litt høgtideleg.
Ordførar Ole Johan Vierdal avlegg si stemme i Vindafjordhallen
Kristine Thorsen Eikeland
Kristine Thorsen Eikeland
Mange involverte
På sjølve valdagen var 55 personar i sving på rådhuset og i dei ni krinsane.
Takk til alle for innsatsen!
Folk i Vindafjord stemte ved Ølen kulturhus, Sandeid samfunnshus, Vikedal bygdahus, Imsland bygdahus, Vikebygd bygdahus, Bjoa bygdahus, Vindafjordhallen, Skjold arena og Vågen bygdasenter.
Gjengen på Bjoa, Vikebygd, Sandeid, Imsland og Vats (avbilda), og dei andre krinsane stod klare til å ta i mot velgjararne.
Kristine Thorsen Eikeland
Resultat for partia i 2025
Fremskrittspartiet vart største parti i Vindafjord med 27,0 prosent av stemmene. Arbeidarpartiet fekk 20,3 prosent, og Senterpartiet 18,4 prosent.
Skjermdump frå valgresultat.noSjå fleire valresulat her
Kristine Thorsen Eikeland