Stortingspolitikar på besøk hos Ølen omsorgssenter

Torsdag 22. januar fekk Ølen omsorgssenter besøk av stortingsrepresentant og Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.  Besøket gav rom for gode samtalar, både med bebuarar, tilsette og leiing.

Det vart òg eit kjekt gjensyn med tidlegare stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland, som nyleg har byrja å jobba som sjukepleiar ved omsorgssenteret. 

Ho følgde Vedum på omvising i lag med ordførar Ole Johan Vierdal, einingsleiar for Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet, Annelin Bauge og avdelingsleiar Hanne Skjold.

Gjennom besøket fekk dei vist fram både det gode tilbodet og det store engasjementet som pregar kvardagen ved Ølen omsorgssenter.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Tok seg god tid

Under besøket tok stortingspolitikaren seg tid til å gå innom alle avdelingane. 

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Tema som arbeidskvardag i helse- og omsorgstenesta, løns- og arbeidsvilkår, rekrutteringsutfordringar i distrikta og ordninga med sletting av studielån vart løfta fram og diskuterte.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Delte erfaringar og gode grep

Leiar for omsorgssenteret, Annelin Bauge, fortalde om prosjektet med å tilsetta servicemedarbeidarar som utfører oppgåver som ikkje krev helsefagleg utdanning – såkalla «hotelloppgåver».

– Dette er noko me har svært gode erfaringar med. Det frigjer kapasitet for dei som skal jobba med det medisinske, og gjer at me har fleire hender i kvardagen, peika ho på.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Bauge framheva òg innsatsen for å rekruttera lærlingar og skuleungdom gjennom praksisplassar ved omsorgssenteret, som eit viktig bidrag til framtidig rekruttering.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret

Lytta til dei tilsette

Fleire tilsette delte erfaringar frå eigen arbeidskvardag.

Eit av temaene var ordninga med sletting av studielån. Fleire fortalde at dei hadde søkt og fått ordninga innvilga.  

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

 

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Blei rørt av den viktige innsatsen

Han nytta samstundes høvet til å rose både dei tilsette på avdelingane og heimesjukepleia for den viktige jobben dei gjer.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

– Dette har vore eit veldig kjekt og nyttig besøk. Dei som jobbar her gjer ein fantastisk jobb og fortener all ære. Eg blir rett og slett rørt når eg snakkar om kor viktige dei er for samfunnet. Det å gje folk verdigheit og tryggleik i ei sårbar fase av livet er noko av det viktigaste me gjer, sa Vedum.

Stortrivst i ny jobb

Lisa Marie Ness Klungland uttrykte stor glede over besøket og over å få visa fram arbeidsplassen sin.

– Eg stortrivs her og føler meg svært godt ivareteken som relativt ny. Det er låg terskel for å spørja om ting, og gode kollegaer som alltid stiller opp. Det er berre fem minutt til jobb frå der eg bur, og arbeidet er veldig meiningsfullt. Det er kjekt å få gjera ein skilnad i folk sine liv, fortel ho.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Møtte bebuarane

Fleire bebuarar nytta høvet til å helsa på både Vedum, Klungland og ordførar Ole Johan Vierdal. 

Mellom dei var Olav Eikeland, som er tidlegare politikar.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Det vart ein god drøs om både politikk og ei hyggeleg stund for alle involverte.

Trygve Slagsvold Vedum får omvising på omsorgssenteret - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Trygve Slagsvold Vedum og følgjet tok seg òg tid til å beundra den flotte utsikta frå omsorgssenteret, og nytte høvet til å skryta av kor fint det er i Vindafjord.

Besøk ute på terrasen for å sjå på og ta bileta av utsikten - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Vidare til møte med transportbransjen

Vidare tok Vedum turen til Krakk Transport.

Representantar frå Krakk Transport, Sakarias Nesheim Transport og entreprenørverksemda Ottar Skjold Maskin deltok i møtet, som handla om kvardagen i transport‑ og anleggsbransjen.

Her vart både historia til verksemdene, utviklinga, utfordringar, behov og framtidsplanar løfta fram. 

Utfordringar knytte til drivstoffprisar og behovet for gode vegar var òg tema i møtet.