Stort vassprosjekt i Vindafjord: – Kjekt å bygge for framtida

Vindafjord kommune er i gang med det største prosjektet innan vatn og avløp som er gjort i kommunen.

Prosjektet skal sikre reservevatn, betre brannberedskap, utbygging av fiber og styrka infrastruktur – eit samla løft for både innbyggjarar, næringsliv og framtidig beredskap.

Bakgrunnen for prosjektet er nye nasjonale krav frå styresmaktene. Alle kommunar må no ha to uavhengige og operative vasskjelder – altså reservevatn – for å sikre forsyninga dersom ei kjelde fell bort.

Dette inneber at det må vere to ulike vasskjelder på to ulike stader, og dermed to operative vassverk.

Gravemaskin - Klikk for stort bilete Vassbakk og Stol

Løysinga blir samspel mellom Vats og Skjold

Løysinga i Vindafjord blir eit samarbeid mellom vassverka i Vats og Skjold. Dei to bygdene skal kunne forsyne kvarandre med vatn ved behov.

Dette krev bygging av nye leidningsnett og infrastruktur, samstundes som eksisterande vassforsyning må haldast i drift – noko som er ekstra viktig i eit område med mange bønder som treng vatn døgnet rundt.

Prosjektet i tre delar

Prosjektet er delt inn i tre hovuddelar:

·      Samarbeid med Fagne AS og Haugaland Kraft Fiber – det skal leggjast både vassleidning og høgspentleidning frå Solheim i Skjold til Krakk i Vats. Det skal òg leggast fiber.

·      Vassleidningar og høgspent – om lag 4 km med vassleidning og 4 km med høgspentleidning skal leggjast ned i bakken. 

·      Knapphus industriområde – her skal det byggast eit høgdebasseng for å sikre brannvatn og betre kapasitet.

Framdrift og samarbeid

Planlegginga har pågått i over to år, med grundige vurderingar av trasear, god kontakt med grunneigarar og omsyn til naturmangfald og krav frå Rogaland fylkeskommune.

Prosjektet har vore ute på anbod. Vassbakk & Stol vann anbodet, og kontrakten vart signert i førre veke.

Arbeidet er no i gang, med etablering av riggplass og brakker. Hovudoppstart for anleggsarbeidet er planlagt etter sommarferien.

– Det blir nok både travelt og spennande. Det er eit positivt samarbeidsprosjekt med fleire aktørar, seier prosjektleiar for Vindafjord kommune, Willy Skulerud.

Kontrakssignering ved bordet - Klikk for stort bileteKontrakten var signert av Berit Fyljesvoll Haugsland, som er einingsleiar for kommunaltekniske tenester og Åsmund Vea, som er prosjektsjef i Vassbakk og Stol. Beate Tandrevold

Lite merkbart for publikum

Sjølv om prosjektet er stort, vil dei fleste innbyggjarar merke lite til arbeidet. Det blir lagt vekt på å gjennomføre utbygginga med minst mogleg ulempe for folk og trafikk.

– Me har stort fokus på HMS og tryggleik for tredjepartar som skuleelevar og grunneigarar. Logistikken er godt ivaretatt, slik at prosjektet kan gjennomførast så saumlaust som mogleg – med flinke folk på laget, fortel prosjektleiar for Vassbakk og Stol, Alf Inge Dagsland.

Kontrakssignering ved bordet - Klikk for stort bilete Beate Tandrevold

– Det største prosjektet innan vatn og avløp

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Halfdan Krohn Brekke, understrekar kor viktig prosjektet er:

– Det er gjort eit godt og grundig forarbeid, og vi har ein særdeles dyktig og grundig prosjektleiar. Dette er det største prosjektet innan vatn og avløp som vi har gjennomført i kommunen. Me er avhengige av dyktige folk som kan halde i prosjektet – og det har me her.

Han legg til:

– Det har vore eit godt samarbeid mellom økonomiavdelinga og kommunalteknisk eining i kommunen, og i tillegg med Haugaland Kraft Fiber og Fagne. Me er glade for å ha fått tilbod frå så mange flinke tilbydarar, og det er kjekt å jobbe med ein solid og seriøs aktør som Vassbakk & Stol.

– Kjekt å bygge noko som blir betre for framtida

Prosjektleiar i Vassbakk & Stol, Alf Inge Dagsland, seier at dei har hatt eit godt samarbeid med kommunen.

– Dette blir eit løft for Vindafjord – både med utbygging av fiber og ei tryggare vassforsyning, fortel Alf Inge.

Han tilføyer:

– Me har hatt veldig god dialog med og positiv innstilling frå både grunneigarar og dei ulike aktørane. Me kjem òg til å bruke lokalt næringsliv i Vindafjord som underleverandørar. Det er kjekt å få vere med å bygge noko som gjer kvardagen og framtida betre.