Stormen «Amy» kjem fredag – førebu deg på mogleg straumbrot

Meteorologane varslar at stormen Amy vil treffa Sørvestlandet fredag. Det er sendt ut oransje farevarsel for Rogaland og delar av Sør-Vestlandet.

Det er venta svært kraftige vindkast på 35–40 m/s frå søraust, og sterk storm på kysten.

Vinden vil auka først langs kysten fredag føremiddag, og minka sist i indre strok og fjellområda.

Det er viktig å førebu seg på mogleg straumbrot.

Vindstyrken kan føra til straumbrot i enkelte område.

Difor oppmodar kommunen alle innbyggjarar til å førebu seg:

• Lad opp mobiltelefonar og andre viktige einingar på førehand.

• Ha batteri og lommelykt tilgjengeleg i huset.

• Tenk gjennom kva du har behov for dersom straumen går – til dømes varme, lys, mat og drikke.

• Sjekk at du har tilgang til informasjon via radio eller mobil dersom nettet fell ut.

Generelle råd til innbyggjarane:

• Sikre trampoliner, hagemøblar, søppelkassar og andre lause gjenstandar.

• Unngå ferdsel på utsette stader, særleg langs kyst og i fjellet.

• Sjekk https://www.varsom.no/ og vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk

Kart over kva stormen Amy treff - Klikk for stort bilete Meteorologisk institutt