Stor auke i talet på ulykker med el-sparkesykkel: – Viktig å ta praten

Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein stor auke i talet på alvorlege ulykker med el-sparkesykkel. Dei er bekymra for at det kan bli fleire ulykker i sommar når barn og unge har fri frå skulen. Difor er det viktig å ta ein prat om trygg bruk.

Kvart år blir barn og unge skadde i ulykker som kunne vore unngått.

Foreldre og føresette har hovudansvaret for barna i trafikken, og ein oppmodar til å:
✅ Snakka med barna om trygg bruk av el-sparkesykkel og om trafikkreglane.
✅ Sikra at køyretøyet er lovleg (fart og effekt).
✅ Sørgja for at køyretøyet er forsikra.
✅ Passa på at barnet har hjelm som passar, og at han blir brukt.
✅ Vurdera kor modent barnet er. Alle som køyrer el-sparkesykkel blir rekna som førarar og må følgja trafikkreglane som gjeld for køyrande. Ikkje alle er klare for dette ansvaret når dei fyller 12 år.

Du finn gode råd og rettleiing for foreldre og føresette her

Med nokre enkle grep kan me saman bidra til ein trygg sommar for barn og unge. 

Elsparkesykkel - Klikk for stort bilete Trygg Trafikk