Stolte elevar deltok i Barnas kommunestyre

Denne veka tok elevrepresentantar frå alle skulane i Vindafjord turen til rådhuset i Ølen - for å delta i Barnas kommunestyre.

Der fekk dei eit innblikk i korleis kommunen fungerer. 

Det var ordførar Ole Johan Vierdal som tok elevane med gjennom opplæringa i Barnas kommunestyre.

I tillegg til å møte ordføraren, fekk elevane høyra om kommuneøkonomi og naturmangfald.

Og dei gjekk heim både litt klokare – og ganske stolte. 

Elevar i Barnas kommunestyre på rådhuset i Ølen - Klikk for stort bileteElevar i Barnas kommunestyre på rådhuset i Ølen. Kristine Thorsen Eikeland

– Eg vart skikkeleg stolt og måtte fortelja til foreldra mine at eg skulle hit. Det er kjekt å få lov til å representera skulen, seier Celine Digernes Lothe (12) frå Ølen skule.

Erik Furseth (13) frå Vikedal skule syntest dagen var overraskande spennande:

– Eg har lært om kommuneøkonomi og kva pengane går til. Og så var det stas å møta ordføraren – og få pizza og brus!

Radvilas Gabrelius Gaizutis (14) er heilt enig:

– Det var interessant å sjå korleis alt fungerer bak kulissane. 

Deretter fekk dei vera med på ei omvising i rådhuset. Mange gode innspel og god stemning. 

Ingen av dei planlegg politikar­karriere heilt enno, men engasjementet var det ingenting å seia på. 

Elevar i Barnas kommunestyre på rådhuset i Ølen - Klikk for stort bileteCeline Digernes Lothe, Erik Furseth og Radvilas Gabrelius Gaizutis lærte mykje då dei deltok på Barnas kommunestyre. Kristine Thorsen Eikeland