Årsrekneskapen viser at Vindafjord kommune fekk eit godt økonomisk resultat i 2025, med eit netto driftsresultat på 54,3 millionar kroner.
Dette utgjer 4,8 prosent av brutto driftsinntekter på 1,132 milliardar kroner.
Kommunen har som mål å liggja på minst 1,75 prosent i netto driftsresultat over tid.
* Netto driftsresultat viser kor mykje kommunen har igjen av dei løpande inntektene når løpande utgifter er dekka – altså midlar ein kan spara eller bruka til å finansiera investeringar.
Kommunedirektøren: – Me må halde fram omstillinga
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen er fornøgd med det gode resultatet for 2025:
– Det er gledeleg å kunne melda at resultatet også i 2025 blei svært bra. Som fleire av dei siste åra er det spesielt eit godt finansielt resultat som dreg opp, men òg høgare skatteinntekter enn me hadde venta påverkar positivt. Me har vore både heldige og dyktige i Vindafjord som har hatt god økonomi dei siste åra. Det har gjort at me kan plassera delar av dei oppsparte midlane våre og få veldig god avkastning på dei.
Han peikar likevel på at me ikkje kan rekna med så sterke finansielle resultat i framtida:
– Me kan ikkje budsjettera med så høge finansinntekter. Historia viser at resultata vil variere, og difor må me leggja inn ei nøktern avkastning i budsjetta. Me ser allereie at utviklinga har vore negativ i januar 2026. Over tid har avkastninga vore svært positiv, men me må vera budde på svingingar.
Yngve Folven Bergesen er fornøgd med resultatet.
Kristine Thorsen Eikeland
– Omstillingsarbeidet må halda fram
Bergesen understrekar at sjølv om resultatet for 2025 blei godt, står kommunen framleis overfor store utfordringar dei neste åra:
– Dei positive budsjettavvika skuldast i stor grad meirinntekter me ikkje kan rekna som sikre framover. Difor må omstillingsarbeidet i kommunen halda fram. I budsjettet for 2026 peikte me på to hovudutfordringar:
- Å skaffa nok arbeidskraft til å møta behova framover.
- Å ha god nok økonomi til å gjennomføra dei investeringane me må gjera.
Økonomisk handlingsrom til nytt omsorgssenter
Det gode resultatet gir oss ikkje fleire folk, men det kan bidra til framtidige investeringar, sjølv om det berre dekkjer ein liten del av det totale investeringsbehovet.
Om lag 17,2 millionar av resultatet blir sett av til det generelle disposisjonsfondet, utan bindingar.
Desse midlane kan kommunestyret bruke til å finansiera noko av dei rundt 500 millionane me reknar med at eit nytt eller utvida omsorgssenter vil koste.
Brukar kommunen midlane som eigenfinansiering, kan det gi om lag 1 million kroner mindre i rente- og avdragsutgifter.
Den samla investeringa vil kunne gi mellom 25 og 30 millionar kroner i auka årlege rente- og avdragsutgifter.
– Me har difor framleis mykje arbeid framfor oss, seier kommunedirektøren.
Kommuneleiargruppa i Vindafjord kommune.
Kristine Thorsen Eikeland
Betre skatteinngang både lokalt og nasjonalt
Skatteinngangen nasjonalt auka med 10,8 prosent frå 2024 og blei 2,2 milliardar kroner høgare enn det som var lagt til grunn i nasjonalbudsjettet.
I Vindafjord var skatteveksten lågare, på 4,1 prosent.
2025 var det første av to år med ein omlegging av skatteinntektene til kommunane, der kommunane sin del av formueskatten skal halverast og skatt på utbytte blir tatt vekk og skal gå direkte til staten.
Desse endringane har vore viktige årsaker til den høge skatteinngangen for kommunen dei siste åra.
Skatteinngangen i Vindafjord i 2025 hamna på 107,8 % av landet, som var ein del høgare enn budsjettert (om lag 106 %) - men mykje lågare enn i 2024 då den var 115,54 %.
Høgare skatteinntekter både lokalt og nasjonalt gav nesten 18 millionar kroner meir enn budsjettert.
Samtidig gjorde den høgare skatteinngangen i prosent av landsgjennomsnittet at inntektsutjamninga* blei nesten 8,9 millionar kroner lågare enn venta.
Til saman gav dette eit positivt budsjettavvik frå skatt på om lag 9 millionar kroner.
*Inntektsutjamning betyr at kommunar med høge skatteinntekter får litt mindre, og kommunar med låge skatteinntekter får litt meir. Formålet er at alle kommunar skal ha nok pengar til å gi gode tenester, uansett kor mykje skatt innbyggjarane betaler.
Veldig godt resultat
Kommunen hadde høg likviditet i 2025. Det, saman med uvanleg god avkastning i verdipapirmarknaden, gav store meirinntekter samanlikna med budsjett.
Renteinntektene enda på 24,76 millionar kroner, mot eit revidert budsjett på 20,48 millionar.
Samla utbytte blei 27,91 millionar kroner. Av dette kom 25,3 millionar frå Haugaland Kraft AS og SØK AS, og 2,5 millionar frå eigenkapitalbevis i verdipapirmarknaden.
Særleg eigenkapitalbevis hadde ei sterk utvikling gjennom året, med over 30 prosent avkastning.
Det vart bokført ein finansiell gevinst (urealisert verdistigning) på 10,5 millionar kroner knytt til verdistigning på finansplasseringar.
Kommunen sine renteutgifter auka frå 32,77 millionar i 2024 til 35,51 millionar, om lag som budsjettert.
Kommunen betalte 31,445 millionar kroner i avdrag og hadde ei samla lånegjeld på 817,9 millionar kroner ved årsskiftet.
Av dette utgjorde 87,2 millionar kroner lån frå Husbanken som blir lånt vidare ut som startlån til kommunens innbyggjarar.
Samla ga finansområdet eit positivt budsjettavvik på om lag 18 millionar kroner.
Nesten 55 millionar i integreringstilskot
Kommunen tok imot 31 flyktningar i 2025 og fekk om lag 54,8 millionar kroner i integreringstilskot.
Dette var rundt 1,8 millionar kroner meir enn det justerte budsjettet la opp til.
Kommunen får integreringstilskot for kvar flyktning dei fem første åra, og tilskota er størst dei tre første åra.
Sidan kommunen tok imot mange flyktningar i 2023 og 2024 (til saman 196 personar), blei inntekta frå integreringstilskot høg også i 2025, sjølv om talet på nye busette var lågare.
Av tilskotet er 12 millionar kroner sett av til fond for å dekka framtidige kostnader knytt til busetjing av flyktningar.
Positivt premieavvik drar opp netto driftsresultatet
I 2025 var premieavviket 34,5 millionar kroner inkludert arbeidsgjevaravgift.
Premieavvik er skilnaden mellom det kommunen betaler i pensjonspremie til pensjonsselskapa kvart år, og den berekna pensjonskostnaden som blir ført i rekneskapen.
Kommunen sin kostnad som skal førast i rekneskapen blir fastsett etter eigne kriterium. Når kommunen betaler meir i premie enn denne berekna kostnaden, oppstår det eit positivt premieavvik.
Det betyr at kommunen i 2025 betalte mykje meir i pensjonspremie enn det som faktisk blei ført som kostnad i rekneskapen.
*Premieavviket er ikkje reelle pengar kommunen får inn, men ein rekneskapsteknisk inntektspost som reduserer pensjonskostnaden det året. Beløpet blir sett av i balansen, og så blir det fordelte (amortisert) likt over dei neste sju åra.
I 2025 var fordelinga av tidlegare premieavvik 23,2 millionar kroner.
Desse rekneskapsmessige postane påverkar netto driftsresultat: Årets premieavvik bidrog med litt over tre prosentpoeng, medan netto premieavvik totalt utgjorde om lag éin prosent av netto driftsresultat.
I Vindafjord kommune blir netto premieavvik gjort opp mot eit eige fond, som skal dekkja premieavvik som er opparbeidd, men ikkje belasta rekneskapen.
Per 31.12.2025 var dette fondet på 113,8 millionar kroner.
Meirforbruk i rammeområda
Rammeområda hadde samla eit meirforbruk på om lag 19 millionar kroner. Dette er noko betre enn prognosane i 2. tertialrapport.
Det meste av meirforbruket er knytt til helse og omsorg. Her er årsakene særleg rekrutteringsutfordringar for sjukepleiarar og fastlegar, og utgifter til ressurskrevjande enkeltbrukarar.
Også innan oppvekst var det eit betydeleg meirforbruk, spesielt knytt til private barnehagar og gjesteelevar.
Administrasjon og fellesdrift, og forvaltning, drift og utvikling gjekk begge omtrent i balanse mot budsjett.
Meir detaljar om rammeområda blir presentert i årsmeldinga som kjem i mai.
Disponering av resultatet
Dei 54,3 millionane som utgjorde netto driftsresultat er disponert slik:
- 8,3 millionar er allereie brukt til å eigenfinansiere investeringar i 2025.
- 2,8 millionar (netto) gjeld øyremerka tilskot som er bunde avsettingar, sett av til særskilte formål i 2026.
- Resten, 43,2 millionar, er i utgangspunktet frie midlar som kommunestyret kan disponere seinare år, men ein god del av midlane er sett av til ulike disposisjonsfond etter reglar kommunestyret har vedtatt i kommunen sitt økonomireglement:
- 17,2 mill. til generelt disposisjonsfond (heilt frie midlar)
- 12 mill. til integreringsfond
- 11,3 mill. til pensjonsfond
- 3,7 mill. finansielt bufferfond
Investeringar
Investeringsutgiftene i 2025 var på 112,961 millionar kroner.
Det største enkeltprosjektet var sluttføringa av Vindafjordhallen, med ei brutto investering på nesten 32 millionar kroner.
Andre store prosjekt var oppstart av hovudvassledning Solheim – Knapphus med brutto 12,8 millionar, eit prosjekt som vil fortsette inn i 2026.
Det same gjeld Skjold brannstasjon som hadde byggestart hausten 2025 med brutto utgifter på 8,5 millionar.
Kommunen lånte ut 19,4 millionar i startlån til bustadkjøp i kommunen.
Kristine Thorsen Eikeland
Vidare prosess
Rekneskapen skal no reviderast, og så skal den handsamast av kommunestyret saman med årsmeldinga før sommaren.
Vindafjord kommune har no rapportert det økonomiske resultatet for 2025 til SSB. Dette er eit førebels resultat som ikkje er revidert.