Når han ikkje er på jobb, likar Stephan å snekre og bruke tid på hytta han er i ferd med å renovere.
– Det er spennande å setje i stand hytta. Og så er det flott her i Vindafjord, smiler han.
Kristine Thorsen Eikeland
Lang erfaring innan omsorg
Stephan har brei erfaring frå helsevesenet.
Før han kom til Vindafjordtunet omsorgssenter, hadde han jobba innan heimesjukepleie, demensomsorg, rehabilitering og psykiatri.
– Eg trivst godt innan helse. Det å kunne bidra til at folk beheld funksjonar, som å ete sjølv eller halde fram med ein hobby, betyr mykje, fortel han.
Kristine Thorsen Eikeland
Godt samhald og fagleg spennande
Ved Vindafjordtunet har Stephan funne eit arbeidsmiljø med godt fellesskap og høg kompetanse.
Stephan trekkjer fram arbeidsmiljøet som ein av dei store styrkane ved Vindafjordtunet.
– Det er eit godt samhald og mykje kunnskap om pasientgruppa. Det er spennande å finne ut kva som fungerer og kva som når fram. Det krev god kommunikasjon og tilnærming, seier han.
For Stephan handlar sjukepleiaryrket om meir enn rutinar – det handlar om å forstå menneske og tilpasse seg.
For han er det viktig å ha nok ressursar og tid til å jobbe med sjukepleiefaglege oppgåver.
– Å medverke til at dei får ein bra kvardag og gi god støtte, det gir meining. Fine tilbakemeldingar frå pasientar og pårørande gir mykje, legg han til.
Kristine Thorsen Eikeland
Anbefaler yrket til andre
Stephan meiner sjukepleieryrket er ein god veg - også for menn.
– Det er eit spennande yrke med mange moglegheiter. Du får brukt både hovudet og hjartet, og din innsats kan bety mykje for andre, seier han.
Bli ein del av laget!
Ta kontakt med Annelin Bauge:
E-post: annelin.bauge@vindafjord.kommune.no, Tlf. 97 65 77 78