Stenging av veg mot Dreganes

Grunna skoging blir vegen frå Hamre, Dreganesvegen 373 og utover mot Dreganes i Ølen stengt mellom 08.00 - 15.00, frå onsdag 21. februar og ca ei arbeidsveke. 

Det vil bli skoging i og langs vegen frå Dreganesvegen 373 mot Dreganes frå 08.00-15.00 frå onsdag 21. februar og ca ei arbeidsveke. Vegen vil i dette tidsrommet vera stengt. 

Dette arbeidet er avhengig av nokolunde værforhold og vil bli stansa ved større nedbørsmengder.

Det blir høve for gjennomkøyring kvar heile time, i 5 minutt.