Stemmerett og manntal

For å stemme må du ha stemmerett og stå i manntalet i ein kommune.

Kven har stemmerett

  • Du som er norsk statsborgar.
  • Du som er svensk, dansk, finsk eller islandsk statsborgar og har vore folkeregistrert som busett i Norge seinast 30. juni 2023.
  • Du som ikkje er norsk statsborgar, men har vore folkeregistrert som busett i Norge dei siste tre åra før valdagen 11. september.
  • Du som har fylt 18 år innan utgangen av 2023.

Manntalet er ei oversikt over alle personar som har stemmerett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet. Alle med stemmerett er automatisk innført i manntalet.

Kor du er manntallsført og har stemmerett, er avhengig av kva kommune du er folkeregistrert som busett per 30. juni i valåret. Manntalet for Vindafjord kommune er frå 13. juli 2023 tilgjengeleg for offentleg ettersyn på rådhuset.

Dersom du meiner du er feil innført i eller utelatt frå manntalet, kan du krevje feilen retta. Krav om retting gjeld feil, ikke i forhold til flytting etter 30. juni 2023.

Krav om retting skal væra skriftleg og grunngjeve. Kravet kan sendast til postmottak@vindafjord.kommune.no eller til Valstyret, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen