Stadfester vedtak om skulestruktur i Vindafjord

Statsforvaltaren stadfester vedtak om nedlegging av Bjoa skule og Imsland oppvekstsenter.

Vindafjord kommune har fått stadfesta at vedtaket om å legge ned Bjoa skule og Imsland oppvekstsenter frå skuleåret 2025/2026 er gjort på lovleg måte.

Det kjem fram i ei vurdering frå Statsforvaltaren i Rogaland datert 3. juni 2025.

Kommunestyret vedtok 17. desember 2024 å avvikle drifta ved dei to skulane som del av budsjett og økonomiplan for 2025–2028.

Tre kommunestyremedlemmer bad om lovlegkontroll, og meinte at kommunen ikkje hadde vurdert barnets beste godt nok, og at saka ikkje var godt nok opplyst.

Statsforvaltaren si vurdering

Statsforvaltaren har vurdert om kommunen har følgt lova i saksbehandlinga. Det er ikkje vurdert om vedtaket var rett eller feil, men om det var gjort på lovleg måte.

Statsforvaltaren konkluderer med at:

  • Kommunen har lagt til rette for medverknad frå elevar, foreldre og andre berørte.
  • Barnets beste er vurdert, inkludert læringsmiljø, skuleveg og kvalitet i undervisninga.
  • Kommunestyret hadde tilstrekkeleg informasjon til å fatte eit forsvarleg vedtak.

Vurdering av barnets beste

Statsforvaltaren har vurdert om kommunen har teke tilstrekkeleg omsyn til barnets beste.

Kommunen har i saksframlegget vurdert fleire forhold som påverkar elevane:

  • Det psykososiale miljøet ved små og store skular
  • Skuleveg og reisetid
  • Tilgang på kvalifiserte lærarar og fagmiljø
  • Ressurstilgang og kvalitet i undervisninga
  • Moglege avbøtande tiltak, som prøveturar med buss og særleg fokus på transport for dei yngste
Barnehende som fargelegger - Klikk for stort bilete Pixabay

Kommunedirektøren peika på at færre og større skuleeiningar kan gi betre fagleg utvikling, meir stabile fagmiljø og større variasjon i det sosiale miljøet for elevane.

Samtidig blei det anerkjent at små skular kan gi eit tettare og meir personleg læringsmiljø.

Statsforvaltaren meiner at kommunen har identifisert og vurdert sentrale rettar og behov for elevane, og at desse er vekta opp mot andre omsyn på ein forsvarleg måte.

Konklusjonen frå Statsforvaltaren er at vedtaket er lovleg, og det er ikkje mogleg å klage på denne avgjerda.