Sommarstudentar gir nyttige råd for å nå unge arbeidstakarar

Korleis kan Vindafjord kommune bli endå betre til å tiltrekkja, utvikla og halda på unge medarbeidarar? Det har sommarstudentane i Sildikon Valley-prosjektet sommaren 2026 undersøkt.

Gjennom ei spørjeundersøking blant 67 personar i generasjon Z har studentane sett på kor godt kommunen sin strategi treff unge som er på veg inn i arbeidslivet. Rapporten viser at Vindafjord kommune har eit godt utgangspunkt.

Mange av tiltaka kommunen allereie har, samsvarar godt med det unge legg vekt på: godt arbeidsmiljø, tydelege og støttande leiarar, utviklingsmoglegheiter, tryggleik og fleksibilitet. Sommarjobb, praksis, god opplæring og mentorordningar blir òg trekte fram som viktige inngangar til arbeidslivet.

Vera og Constance - Klikk for stort bileteVera og Constance skal i gang med nye prosjekt i Vindafjord kommune. Kristine Thorsen Eikeland

Det tydelegaste funnet er at kommunen kan få mykje att for å synleggjera tilboda betre. Dei fleste respondentane nyttar Finn.no, LinkedIn og Facebook når dei leitar etter jobb, medan få oppsøkjer kommunen sine eigne kanalar. Her ligg det fleire låghengande frukter: Me kan bli tydelegare på kva jobbar, utviklingsmoglegheiter og fleksible løysingar kommunen tilbyr – i kanalane dei unge allereie brukar.

Rapporten peikar òg på verdien av å sjå rekruttering i samanheng med heile lokalsamfunnet. Bustader, fritidstilbod, sosiale møteplassar og eit godt omdøme er viktige faktorar når unge vurderer kvar dei vil bu og arbeida.

Funna vil vera eit nyttig bidrag i det vidare arbeidet med kommunen sin strategi for å halda på, utvikla og rekruttera medarbeidarar. Målet er å byggja vidare på dei gode tiltaka som allereie finst – og gjera dei meir synlege for dei som skal forma framtidas arbeidsliv.

Heile rapporten finn du i Rapport frå Sildikon Valley-prosjektet 2026 (PDF) (PDF, 573 kB)