Sommarstengd i Vindafjordhallen symjehall: Utsett opning

Vindafjordhallen symjehall er sommarstengd, og opninga er utsett grunna ekstra arbeid med reinhald og vedlikehald. Symjehallen opnar att med nye opningstider og fleire opningstimar i veka. 

I stengingsperioden tappar ein ned bassenget og gjer klart for reinhald og vedlikehald.

Me legg ut melding så snart hallen kan opna.

Når Vindafjordhallen symjehall opnar att får hallen nye opningstider. Det betyr mellom anna meir morgonbading, utvida opningstid tysdag og torsdag, og eit nytt tilbod om vaksenbading i helga.

To tilsette som står på stupetårnet - Klikk for stort bilete Vindafjordhallen symjehall

Nye opningstider

Måndag og onsdag

06.30–10.00: Morgonbading

Sklia er stengd.

Tysdag og torsdag

11.00–14.00: Opent for alle

12.00: Aquagym

16.30–19.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

19.00–20.30: Vaksenbading

Laurdag og sundag

10.30–15.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

15.00–16.00: Vaksenbading
God sommar, og velkomen tilbake!