Sommarstengd i Vindafjordhallen symjehall: Nye opningstider frå 23. juli

Vindafjordhallen symjehall er sommarstengd etter siste opningsdag 18. juni. Frå torsdag 23. juli opnar symjehallen att med nye opningstider og fleire opningstimar i veka.

18. juni er siste opningsdag før sommarsteng. I stengingsperioden tappar ein ned bassenget og gjer klart for reinhald og vedlikehald.

Når Vindafjordhallen symjehall opnar att torsdag 23. juli, får hallen nye opningstider. 

Det betyr mellom anna meir morgonbading, utvida opningstid tysdag og torsdag, og eit nytt tilbod om vaksenbading i helga.

To tilsette som står på stupetårnet - Klikk for stort bilete Vindafjordhallen symjehall

Opningstider frå 23. juli

Måndag og onsdag

06.30–10.00: Morgonbading

Sklia er stengd.

Tysdag og torsdag

11.00–14.00: Opent for alle

12.00: Aquagym

16.30–19.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

19.00–20.30: Vaksenbading

Laurdag og sundag

10.30–15.00: Familiebading, opent for alle, med to symjebanar reserverte for symjing

15.00–16.00: Vaksenbading
God sommar, og velkomen tilbake 23. juli.