Sommarens viktigaste hugseliste

For mange vaksne er alkohol ein del av feriekosen. Då er det viktig å ha i bakhovudet at barn blir påverka av drikkinga til dei vaksne før dei vaksne sjølve blir det.  

Sommaren er høgsesong for is, bading og late dagar. Det er òg ei tid der nordmenn drikk meir alkohol, viser salstal frå Vinmonopolet.

Vindafjord kommune er ein Av-og-til-kommune og jobbar for å førebyggje skadeleg bruk av alkohol i kommunen.

– Barn merkar fort at mamma eller pappa endrar seg, og når ein har teke seg nokre glas, er det lett å gløyme kor lite som skal til, seier Maren Tjelmeland Hustoft, Av og til-koordinator i Vindafjord kommune.

– Vi er opptekne av at alle barn i Vindafjord skal ha ein god og trygg sommar. Derfor meiner vi at vaksne bør bruke alkovett når dei er saman med barn, påpeikar ho.

Mann med datter som sitter på fanget - Klikk for stort bilete Av og til

Heiar på pappaene

Særleg pappaer har grunn til å stoppe opp og reflektere, for menn drikk oftare og meir enn kvinner. 

Undersøkingar som Ipsos har gjort på vegner av Av-og-til, viser at menn har meir liberale haldningar til alkohol og er meir opne for å drikke saman med barn.

Derfor er pappaer ei viktig målgruppe i sommar.

– Det er viktig å vise fram kva ein har å vinne på å ta dei gode vala. Du blir meir opplagd og til stades, og du får meir energi til å gjere dei morosame tinga saman med barna i sommar som du har gledd deg til.

Vindafjord kommune og Av-og-til har eit råd til alle foreldre: 

Hald deg til null, eitt eller maks to glas når du er saman med barna, så er det lettare å vere mamma eller pappa på sitt beste i sommar.

– Har du eit bevisst forhold til alkohol, blir sommarferien endå hyggjelegare for både store og små, avsluttar Maren.

Seks råd om alkoholbruk rundt barn i sommar:

•    Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
•    Ha flest dagar utan alkohol.
•    Bli einig med andre vaksne om kor mykje alkohol som er greitt.
•    Unngå å drikke på ein måte som går utover planane for i morgon.     
•    Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider.
•    Hugs at barn blir påverka før du blir det.

Vi ønskjer alle ein god og trygg sommar!

Vil du lese meir?

Besøk Av-og-til på nett: 

https://avogtil.no/tema/barn-og-unge/