Sommaren er her - bli med og finn kapteinskoppen!

Langs sjøen i kommunen har me gøymt to kapteinkoppar med noko godt oppi. Les vidare for hint - og hugs at ekte kapteinar drikk kaffi!

Sommaren er her, og mange skal ut på sjøen.
Gjennom kampanjen «Klar for sjøen» ønskjer me å setje fokus på godt alkovett og trygg ferdsel.

Som ein del av kampanjen har me gøymt to kapteinskoppar langs sjøen i kommunen. Kanskje er det du som finn dei?

Hugs: Ekte kapteinar drikk kaffi ☕⚓ 

Vindafjord kommune er ein Av-og-til kommune. Kampanjen «Klar for sjøen» og kapteinskoppen er ein del av dette. Vil du lesa meir? https://avogtil.no/tema/bat-og-badeliv/

Her befinn koppane seg:

 

 

Me oppfordrar finnarane til å gi oss beskjed om at koppen er funnen, og sende oss ein selfie som me kan legga ut på sosiale medier.