
Biblioteket er ein fin stad å søka ly på når det regnar, når du er lei sola, når du ønskjer å finna roen eller oppleva noko saman med andre. Enten du kjem for å låna, lesa avisa, delta på eit arrangement eller berre ta ein liten pause, er du hjarteleg velkommen.
Bok i butikk og Sommarles
Via vårt tilbod Bok i butikk kan du tinga bøker til Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd.
Er barnet ditt med på Sommarles, kan du tinga henting av premiar på dei same stadane. Du finn meir informasjon om ordninga på vindafjordbibliotek.no.
Spennande rebusjakt
Me gjentek suksessen frå i fjor og har laga ein spennande rebusjakt på biblioteket. Denne passar for både barn og vaksne, og er ein fin aktivitet for familiar som vil gjera noko kjekt saman. Kanskje blir det du som stikk av med hovudpremien?
Opplevingar gjennom heile sommaren
Sommarprogrammet byr på opplevingar gjennom heile sommaren. Kvar måndag har me seniorgaming og digihjelp, medan du kvar tysdag kan få med deg gratis sommarkino som passar for heile familien. På programmet står mellom anna filmar som «Knerten og Sjøormen», «Karsten og Petra - Gullringen fra Atlantis», «Familien Bigfoot», «Lassie kommer hjem» og «Dyrene i Hakkebakkeskogen». Du kan og vere med på høgtlesing for barn.
Kurs i digital teikning, VR og føredrag
For dei som vil prøva noko nytt, blir det kurs i digital teikning på iPad. Me brukar programmet Procreate. Du kan og få tips og råd om korleis du brukar symaskin. Er du nysgjerrig på VR- briller kan dette prøvast ut torsdag 09.juli.
I august startar me opp igjen med direktesendte føredrag i Sjoarakademiet. Først ut er Hege Hesselberg med føredraget «Den psykologiske kontrakten seint i karrieren».
Går du inn på vindafjordbibliotek.no finn du meir informasjon om tilboda våre og oversikt over kodeord i Sommarles.